Om Florø Storband

slideiStock 000006131850XSmall0Florø Storband har sidan 1970-talet vore ein arena for jazzvener i Flora kommune. Entusiastar med rot i jazzklubben Odin starta opp med storband på ei tid då bandtypen var i medvind nasjonalt. I dag har fleire av medlemmene solid røynsle frå soul, rhythm & blues og danseband. Kompgjengen har kvar på sitt hald tonnevis med spelejobbar og oppdrag bak seg, og dei utgjer sjølve hjartet og sjela i bandet.

Arne Sunnarvik - pianospelande kapellmeister - er eit namn som jazzfolket i fylket burde kjenne godt. Som primus motor og med stort engasjement har Arne gitt usjølvisk av sin energi og sitt

kunstnariske intellekt.

Blåserekkja har fleire klare profilar som har vore med frå starten. På altsaks har vi polakken Leszek Michalski, som er tilsett i kulturskulen. Han har bakgrunn frå symfoniorkester og har levert fleire eigne solo-CD-ar med klassisk innhald. På trombone har vi Trond R. Olsen, som var med dei første åra. Han er òg kjend frå revy- og gjøglarbransjen som ein habil imitator og sceneartist.

Den tette klangen og den faste rytmen kjem etter fleire år med stabil besetning. I kompen finner du trommis Arild Frislid Solheim, bassist Magne Johan Eide, gitar Åsmund Nesbø, piano Arne Sunnarvik, ei særs dugande og velrenomert kompgruppe.

Med vokalist Leif Helge Sande i sentrum skulle det altså vere duka for opplevingar som vil få fart på dansefoten.